Forskrift om beiteforbud for værer, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-1972-05-25-1
PublisertI 1972 s 697, II 1972 s 482
Ikrafttredelse25.05.1972
Sist endret
Endrer
Gjelder forSogn og Fjordane
HjemmelLOV-1970-03-06-5-§4
Kunngjort
KorttittelForskr. om beite for værer, Sogn og Fjordane

Fastsett av Landbruksdepartementet den 25. mai 1972. 

Med heimel i § 4 a) i lov frå 6. mars 1970 om avgrensing i retten til å sleppa hingstar, oksar, verar og geitebukkar på beite, dispenserar Landbruksdepartementet frå føresegna i § 1, første stykket i lova, slik at det innan Sogn og Fjordane fylke skal vera forbode å sleppa verar som er fødde før 1. april same året:

a)i sambeiteområde i utmark og innmark,
b)saman med sauer som andre eig, i anna beiteområde eller
c)der tilhøva er slik at dei lett kan koma saman med sauer som andre eig.

Elles gjeld lova slik ho lyder.

Det er straffbart å bryte denne føresegna.