Forskrift om piggtråd til gjerde, Fron kommune, Oppland.

DatoFOR-1975-09-01-2
PublisertII 1975 s 334
Ikrafttredelse01.09.1975
Sist endret
Endrer
Gjelder forFron kommune, Oppland
HjemmelLOV-1961-05-05-§18
Kunngjort
KorttittelForskrift om piggtråd til gjerde, Fron

Fastsatt av Landbruksdepartementet 1. sep. 1975. 

Landbruksdepartementet stadfester med dette Fron kommunestyre sitt vedtak av 1. april 1975, der det med heimel i § 18 i lov av 5. mai 1961 om grannegjerde vart vedtatt:

1.I gjerde av høgd minst 1,00 meter kan ein nytta piggtråd over gjerdet. Gjerdehøgda må vera minst 1,10 meter. I delegjerde i innmark kan denne regel fråvikast når partane er einige om det.
2.Gjerde skal alltid haldast vedlike og ha lovleg høgd. Der det er rein jordbruks- eller skogbruksregion på båe sider, er det ingen skylnad til å halda gjerdet i stand utanom den tida på året då marka er tenlig til beiting.
3.For gjerde langs offentleg veg gjeld dei reglar som er fastsette av Vegdirektoratet.
4.Brot på denne føresegn er straffbar, jfr. strl. § 339 nr. 2.
5.Denne føresegn tek til å gjelda straks. Samstundes held føresegn av 24. november 1937 for tidlegare Nord Fron og føresegn av 8. januar 1940 for tidlegare Sør Fron om same emne opp å gjelda.