Forskrift om forbod mot å føra/flytta levande sau frå Time kommune i Rogaland fylke til andre områder av fylket.

DatoFOR-1987-07-28-656
PublisertII 1987 s 339
Ikrafttredelse28.07.1987
Sist endretFOR-1993-08-16-875
Endrer
Gjelder forTime kommune, i Rogaland fylke til andre områder av fylket
HjemmelFOR-1985-03-15-672
Kunngjort
KorttittelForskrift om forbod mot å føra sau, Time

Fastsatt av Landbruksdepartementet 28. juli 1987 i medhald av § 2 i forskrift om bekjempelse av mædi hos sau gitt av Landbruksdepartementet 15. mars 1985. Endret 16. august 1993 nr. 875.

§ 1.Det er forbode å føra/flytta levande sau frå Time kommune i Rogaland fylke til andre områder i fylket.

Forbodet gjeld likevel ikkje:

1.om fylkesveterinæren har gitt skriftleg samtykke til overføringa,
2.om sauen blir ført direkte til slakting ved slakteri der det er offentleg kjøtkontroll,
3.om sauen blir ført til eit fellesbeite som allerede er etablert. Sauen må etter sanking om hausten:
a)bli ført tilbake til Time kommune, eller
b)bli sendt direkte til slakting ved slakteri der det er offentleg kjøtkontroll.

Sau som er ført/flytta frå Time kommune til andre områder i Rogaland fylke i medhald av denne bestemmelse er det forbode å disponere på annan måte enn slik det er nemnt under punkt 3 a) og b).

§ 2.Denne forskriften trer i kraft straks.