Forskrift om unntak frå forbod om å sleppe verar på beite, Lindås kommune, Hordaland.

DatoFOR-1993-08-18-876
PublisertAvd II 1993 Nr. 8
Ikrafttredelse18.08.1993
Sist endret
Endrer
Gjelder forLindås kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1970-03-06-5-§4
Kunngjort
KorttittelForskrift om forbod om å sleppe verar, Lindås

Fastsett av Landbruksdepartementet 18. august 1993 med heimel i lov av 6. mars 1970 nr. 5 om avgrensning av retten til beite § 4. 

I medhald av lov av 6. mars 1970 nr. 5 om avgrensing av retten til å sleppe hingstar, oksar, verar og geitebukkar på beite § 4 og etter framlegg frå Lindås kommune har Landbruksdepartementet gjort unntak frå § 1 i same lov, slik at det er tillatt å sleppe villsau på beite i fylgjande område i Lindås kommune:

1.Øya Lurekalven.
2.Den del av utmarka på Lygra som er sikra med tilstrekkeleg gjerde, slik at villsau ikkje kan koma saman med andre sauer.
3.Eigarane av villsau har ansvar for vedlikehald av gjerdet.

Brot på denne forskrift er straffbar.

Denne forskrift tar til å gjelde straks.