Forskrift om bandtvang for hund, Austrheim kommune, Hordaland.

DatoFOR-2001-05-10-531
PublisertII 2001 hefte 3
Ikrafttredelse10.05.2001
Sist endretFOR-2004-11-10-1885
EndrerFOR-1974-01-17-2
Gjelder forAustrheim kommune, Hordaland
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort31.05.2001
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Austrheim

Fastsett av Austrheim kommunestyre 4. april 2001 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 andre ledd bokstav c, d og e. Stadfesta av Landbruksdepartementet 10. mai 2001. Endra 10 nov 2004 nr. 1885 (ny hjemmel).

§ 1.I tida frå og med 1. april til 1. november pliktar eigar eller innehavar av hund i Austrheim kommune å halda hunden i band eller forsvarleg innegjerda eller innestengt.
§ 2.Påbodet i § 1 gjeld ikkje for:
a)dressert bufehund når denne vert brukt til å vakta/gjeta bufe.
b)dressert bufehund i aktiv teneste eller under trening.
c)tenestehund i aktiv teneste eller under trening.
d)jakthundar som etter 20. august vert fylgt på forsvarleg måte under utøving av lovleg jakt, samt jakthundprøver og trening av jakthundar på område der trening er tillete.

Unntaket i første ledd gjer ikkje unntak frå påbod gjeve i lov om viltet eller med heimel i lov om viltet.

§ 3.Brot på denne forskrifta er straffbart.
§ 4.Denne forskrifta tek til å gjelda straks. Frå samme tid vert forskrift av 17. januar 1974 nr. 2 om båndtvang for hund, Austrheim kommune, Hordaland, oppheva.