Forskrift om utvida bandtvang for hund, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2004-04-26-757
PublisertII 2004 hefte 3
Ikrafttredelse26.04.2004
Sist endret
EndrerFOR-1959-01-03-2
Gjelder forSykkylven kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort27.05.2004
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Sykkylven

Fastsett av Sykkylven kommunestyre 26. april 2004 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 andre ledd bokstav e. 

§ 1.I tida frå og med 1. april til og med 31. oktober pliktar eigar eller innehavar av hund i Sykkylven kommune å halde hunden i band eller forsvarleg innegjerda eller innestengt.
§ 2.Unntak frå bandtvang går fram av § 9 i hundelova.

Dette gjeld m.a.

-dressert hund brukt til gjeting
-hund i aktiv politi-, militær- og redningsteneste eller under trening eller prøving for slik teneste
-hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra vilt
-hund brukt til jakt, jakthundtrening og jaktprøving.
§ 3.Brot på denne forskrifta er straffbart.
§ 4.Denne forskrifta trer i kraft straks. Frå same tid vert forskrift 3. januar 1959 nr. 2 om bandtvang for hund, Sykkylven kommune, Møre og Romsdal, oppheva.