Forskrift om tilskott til organisert beitebruk, Hordaland.

DatoFOR-2004-10-27-1420
PublisertII 2004 hefte 5
Ikrafttredelse01.11.2004
Sist endret
Endrer
Gjelder forHordaland
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§18, FOR-2002-03-22-283-§5
Kunngjort04.11.2004
KorttittelForskrift om beitetilskott, Hordaland

Fastsett av fylkesmannen i Hordaland 27. oktober 2004 med heimel i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3 og § 18 og forskrift 22. mars 2002 nr. 283 om produksjonstilskudd i jordbruket § 5.

§ 1.Formål

Formålet med tilskotet er å legge tilhøva til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark og av innmarksbeite og redusere tap av dyr på beite gjennom organisert tilsyn, organisert sanking og andre målretta tiltak i beiteområde.

§ 2.Avgrensing

Tilskott til organisert beitebruk gjeld sau, geit og storfe som beiter i utmark og på innmarksbeite i minst 8 veker. Mjølkande kyr og geiter er ikkje omfatta av denne ordninga. Fylkesmannen kan gjere unntak frå kravet i første ledd om beiting i minst 8 veker.

§ 3.Administrasjon

Kommunen gjer vedtak om godkjenning av beitelag og om tilskot. Organisert beitebruk blir administrert av Fylkesmannen i Hordaland, som kan gi utfyllande retningsliner for forvaltning av ordninga.

§ 4.Vilkår for tilskott

Det er eit vilkår for å få tilskott til organisert beitebruk at husdyreigarane er organisert i beitelag (jf. § 5 og § 6) og at husdyrhald som er omfatta av beitelaget si verksemd blir drive i samsvar med lover og forskrifter som gjeld for husdyrhald. Beitelag som søkjer tilskott må vere registrert i Einingsregisteret.

§ 5.Krav til godkjenning av beitelag
1.Beitelag skal ha eigne lagslover og eit styre vald av medlemmene i laget, og føra protokoll frå alle møter der det blir gjort vedtak.
2.Laget skal vere ope for brukarar som har tilgang til utmarksbeite eller innmarksbeite i eit område der samarbeid kan fremme bruken av beiteområda.
3.Laget skal føra rekneskap for den økonomiske verksemda i laget i tråd med gjeldande reglar og god rekneskapsskikk.
4.Laget skal bruka alt tilskott til laget til å fremme den organiserte beitebruken i området gjennom felles tiltak.
5.Laget skal organisere effektivt og forsvarleg tilsyn og sanking av eigne og andre sine dyr i laget sitt område. Beiteområdet skal inspiserast minst ein gong pr. veke, slik at unormale tilhøve blir oppdaga og nødvendige tiltak blir sett i verk.
6.Laget skal samarbeide med tilgrensande lag når det kan effektivisera ressursbruk og utnytting av beita, dette gjeld særleg sanking og ettersanking.
7.Laget skal notere på fastsett skjema opplysningar om gjennomført tilsyn (dato, tilsynsrunde. unormale tilhøve i beiteområde og tiltak som er sett i verk). Fylkesmannen og kommunen kan i særlege høve be om å få lagt fram denne dokumentasjonen.
8.Laget skal sende årsrapport på fastsett skjema til kommunen (jf. søknad om tilskott § 7 bokstav a).
§ 6.Godkjenning av lag, registrering, informasjonsplikt

Søknad om godkjenning av lag skal stilast til kommunen der største delen av beitet ligger.

Lag for utmarksbeite skal ha minst 3 medlemmar og 150 småfeeiningar.

Lag for innmarksbeite skal ha minst 2 medlemmar og 100 småfeeiningar.

1 småfeeining = 0,1 storfe = 1 sau = 1 lam = 1 geit = 1 kje. Eit bruk kan vere medlem av to beitelag, eit på fjellet og eit i låglandet. Fylkesmannen kan i særlege tilfelle gjere unntak frå desse krava. Fylkesmannen kan óg koma med pålegg om samanslåing eller deling av lag.

Godkjende lag skal registrerast i kommune. Dersom laget beiter i fleire fylke må fylkesmennene i beitefylka saman bestemme i kva fylke og kommune laget skal registrerast.

Beitelag som nyttar beite i andre kommunar/fylke enn registreringskommunen/-fylket, skal kvart år som informasjon sende kopi av søknad om ordinært tilskott til desse, ev. vedlagt endring av beiteavtale/beiteområde.

§ 7.Tilskott til drift av laget

Laget kan søkje om tilskott til drift på fastsett skjema. Tilskott blir gitt med eit fast beløp pr. storfe og pr. småfe som kjem att frå beite om hausten.

Det kan berre gjevast eit tilskott pr. dyr pr. beitesesong.

§ 8.Saksbehandling og utbetaling

Beitelaget kan søke om tilskott på søknadsskjema som gjeld for ordninga med nødvendige vedlegg til kommunen, der laget er registrert.

Fylkesmannen i Hordaland vil fastsetje frist for søknad om tilskot.

Kommunen kan krevje at det blir lagt fram rekneskap for tiltaket.

Det er ikkje høve til å overføre tilskottsmidlar frå laget til medlemmene.

§ 9.Avkorting eller tilbakebetaling av tilskott

For mykje utbetalt tilskott eller urettmessig utbetalt tilskott kan krevjast tilbakebetalt eller bli trekt i seinare utbetalingar. Dersom feil opplysningar frå søkaren har ført til for mykje utbetaling kan det krevjast morarente for tida frå utbetaling av tilskott til tilbakebetaling har funne stad. Det same gjeld også når søkaren burde ha visst eller forstått at utbetalinga var feil.

Dersom beitelaget driv eller har drive si verksemd i strid med § 5 og § 6, kan heile eller delar av tilskottet haldast tilbake inntil forholda er retta opp. Dersom beitelaget uaktsamt eller forsettleg har gitt feil opplysningar i søknaden som har eller ville danna grunnlag for urettmessig utbetaling av tilskott, kan heile eller delar av tilskottet som tilfelle beitelaget, avkortast.

Differansen mellom utbetalt beløp og redusert tilskott som følgje av vedtak om avkorting kan bli kravd tilbake frå beitelaget eller motreknast i seinare utbetaling av tilskott. Til avkortingsbeløpet kan det leggast rente tilsvarande gjeldande morarente.

Jf. forskrift 1. juni 2004 nr. 796 om renter ved forsinket betaling.

§ 10.Kontroll

Lag som søker om tilskott til organisert beitebruk pliktar å gi fullgode opplysningar som kommunen, fylkesmannen eller Statens landbruksforvaltning krev og godta kontrolltiltaka som blir fastsette. Opplysningar gitt i samband med søknad om tilskott kan óg kontrollerast ved teljing på dei landbrukseigedomar som går inn i beitelaget.

Kommunane skal føre kontroll med at oppgitte data i søknaden er rette. Dersom det blir gitt feil opplysningar i søknaden, kan søknaden bli avslått eller tilskottet redusert.

§ 11.Dispensasjon

Fylkesmannen i Hordaland kan i særlege høve etter søknad dispensere frå forskrifta. Slik søknad vert å sende til kommunen. Ein dispensasjon kan ikkje vera i strid med føremålet med ordninga.

§ 12.Klage

Vedtak som er fatta i medhald av denne forskrift kan påklagast etter kap. VI i forvaltningslova av 10. februar 1967.

§ 13.Iverksetting. Overgangsordning

Forskrifta tek til å gjelde 1. november 2004. Tilskott etter forskriftens § 7 vert gjeve også for beitesesongen 2004.