Forskrift om hald og bandtvang for hund, Vang kommune, Oppland.

DatoFOR-2004-11-05-1900
PublisertII 2005 hefte 1
Ikrafttredelse01.01.2005
Sist endret
EndrerFOR-1946-09-04-3
Gjelder forVang kommune, Oppland.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort17.02.2005
KorttittelForskrift om hundehald og bandtvang, Vang

Fastsett av Vang kommunestyre 5. november 2004 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6.

§ 1.Eigar eller innehavar av hund i Vang kommune skal halda hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå 1. april til og med 10. oktober slik at den ikkje kan jage eller skade storfe, sau, geit, fjørfe, rein, hest eller vilt, herunder viltet sitt egg, reir og bo.
§ 2.Denne føresegna gjeld ikkje for:
a)Hundar som nyttast i reindrifta og dresserte gjetarhundar under gjeting av bufe på beite.
b)Ettersøkshundar, politihundar, militærhundar og redningstenesta sine hundar i arbeid/teneste.
c)Jakthundar som frå 21. august nyttast under lovleg jakt, jaktprøver og vilttaksering, og vert fylgd på forsvarleg måte av eigar eller brukar.
d)Jakthundar, gjetarhundar og ettersøkshundar som frå 21. august under lovleg trening vert fylgd på forsvarleg måte av eigar eller brukar.

Punkt c) og d) føreset samtykke frå grunneigar/rettigheitshavar.

§ 3.Brot på denne føresegna kan straffast.
§ 4.Hundeeigar pliktar å gjere seg kjent med anna lovverk knytt til hund.
§ 5.Denne forskrifta tek til å gjelde frå 1. januar 2005. Samstundes vert forskrift 4. september 1946 nr. 3 om båndtvang for hund, Vang kommune, Oppland, oppheva.