Forskrift om hundehald i Ullensvang herad, Hordaland.

DatoFOR-2005-09-19-1243
PublisertII 2005 hefte 5
Ikrafttredelse01.11.2005
Sist endret
Endrer
Gjelder forUllensvang kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11, LOV-2003-07-04-74-§12
Kunngjort01.11.2005
KorttittelForskrift om hundehald i Ullensvang

Kapitteloversikt:

Fastsett av Ullensvang heradsstyre 19. september 2005 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9, § 11 og § 12.

Innleiande lovføresegner

§ 1.Føremål

Ullensvang herad vil med denne forskrifta:

-Leggja til rette for eit hundehald som vektlegg tryggleik og alminneleg ro og orden
-Redusera konfliktnivået mellom hundeeigarar og ålmenta
-Medverka til at spesielt barn ikkje vert skremd eller skada av hundar
-Medverka til at hundar ikkje jagar bufe på beite
-Verna viltet under ekstraordinære tilhøve.
§ 2.Virkeområde

Forskrifta omfattar reglar for hundehaldet i Ullensvang herad.

Lovføresegner om sikring av hundar

§ 3.Om bandtvang

Hundar skal haldast i band eller innestengd eller inngjerda:

a)På kyrkjegardane og på bustad og handleområde, - heile året
b)I område der bufe går på utmarksbeite, - frå og med 1. april til og med 10. september.

Unntatt frå bandtvangsreglane etter § 9 i hundelova er dressert bufehund når den vert nytta til å driva sau, hund i aktiv politi og redningsteneste eller under trening eller under prøving for slik teneste og hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såret eller sjukt dyr.

§ 4.Om område der hundar ikkje skal ha tilgjenge:
a)Barnehagar
b)Skulegarder.

Unntatt frå denne paragraf er førarhundar for blinde og politihundar i aktiv bruk. Andre hundar har berre tilgjenge om det er i undervisningssamanheng og er etter avtale med ansvarleg for skule eller barnehage.

§ 5.Om ekstraordinær bandtvang

Ullensvang herad kan ved særlege vanskelege snøtilhøve og etter god fagleg dokumentasjon, gjera vedtak om ekstraordinær bandtvang for å verna hjorteviltet i heradet. I vedtaket skal ein setja ei grense på over eller under 600 meter over havet, i området:

a)Frå grensa mot Odda kommune ved Kvitno til grensa mot Jondal herad ved Åsleitet.
b)Frå grensa mot Odda kommune ved Skjeldvik til grensa mot Eidfjord kommune på Bu, med unntak av Hardangervidda nasjonalpark.
c)Frå grensa mot Ulvik herad ved Stigagjelet til grensa mot Granvin herad ved Tjoflot.
§ 6.Unntak frå sikringsreglane

Ullensvang herad kan etter søknad gje unntak frå bandtvangsreglane i hundelova, § 4, § 6 og § 7, når dette er naudsynt til:

a)Organisert bruk av hundar til takserings- og forskingsarbeid
b)Organisert trening av hundar.

Andre lovføresegner

§ 7.Om reinhald

Hundehaldar har plikt til straks å fjerne ekskrement som hunden etterlet seg på veg, fortau, park, bru, brygge, kai, strand, turveg, annan manns hage, anlegg eller annan offentleg stad som vert nytta av ålmenta.

§ 8.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft den same dato som den vert lyst i Norsk Lovtidend.