Forskrift om hundehald, Eidfjord kommune, Hordaland.

DatoFOR-2005-09-19-1802
PublisertII 2006 hefte 2
Ikrafttredelse30.03.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forEidfjord kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11, LOV-2003-07-04-74-§12
Kunngjort30.03.2006
KorttittelForskrift om hundehald, Eidfjord

Kapitteloversikt:

Fastsett av Eidfjord kommunestyre 19. september 2005 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9, § 11 og § 12.

Innleiande lovføresegner

§ 1.Føremål

Eidfjord kommune vil med denne forskrifta:

-Leggja til rette for eit hundehald som vektlegg tryggleik og alminneleg ro og orden
-Redusera konfliktnivået mellom hundeeigarar og ålmenta
-Medverka til at spesielt barn ikkje vert skremd av hundar
-Medverka til at hundar ikkje jagar bufe på beite
-Verna viltet under ekstraordinære tilhøve.
§ 2.Definisjonar
a)Hundehaldar: den som eig eller har tatt omsorg for eller hand om ein hund for kortare eller lengre tid
b)Bufe: Storfe, sau, geit og hest
c)Utmarksbeite: Areal som ikkje er inngjerda eller etter friluftslova § 3 vert rekna som gardsplass, hustomt, dyrka mark, engslått, kulturbeite eller skogplantefelt
d)Innmarksbeite: Areal som er inngjerda og som husdyr nyttar som beite.
§ 3.Virkeområde

Forskrifta omfattar reglar for hundehald i kommunen. Den ordinære bandtvangen er frå og med 1. april til og med 20. august.

Lovføresegner om sikring av hundar

§ 4.Om bandtvang

Hundar skal haldast i band:

a)På kyrkjegardane og i sentrum av Eidfjord og Øvre Eidfjord og på skule og barnehageområde.
b)I område der bufe går på utmarksbeite: - frå og med 1. april til og med 1. desember.
c)I område der bufe går på innmarksbeite: - heile året.

Unntatt er dei tilhøva som er skildra og heimla i hundelova § 9 «unntak frå sikringsreglene».

§ 5.Om ekstraordinær bandtvang

Eidfjord kommune kan ved særleg vanskelege snøtilhøve og når det ligg føre sterk fagleg tilråding, gjera vedtak om ekstraordinær bandtvang for å verna hjorteviltet, i området:

a)Alt areal som ligg over høgdekote 600 i Eidfjord kommune, med unntak av Hardangervidda nasjonalpark.
§ 6.Unntak frå sikringsreglane

Eidfjord kommune kan etter søknad gje unntak frå bandtvangsreglane i hundelova, § 4, § 6 og § 7 til:

a)Organisert bruk av hundar til takserings- og forskingsarbeid
b)Organisert trening av hundar på offentleg stad.

Andre lovføresegner

§ 7.Om reinhald

Hundehaldar pliktar straks å fjerne ekskrement som hunden etterlet seg på veg, fortau, park, bru, brygge, kai, strand, turveg, anna manns hage, anlegg eller annan offentleg stad som vert nytta av ålmenta.

§ 8.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå den dato som den vert lyst i Norsk Lovtidend.