Forskrift om hald og bandtvang for hund, Sveio kommune, Hordaland.

DatoFOR-2006-02-06-1270
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse01.04.2006
Sist endret
EndrerFOR-1977-06-14-1
Gjelder forSveio kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-2003-07-04-74
Kunngjort23.11.2006
Rettet29.11.2006, § 8.
KorttittelForskrift om hundehald og bandtvang, Sveio

Fastsett av Sveio kommunestyre 6. februar 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven).

§ 1.Føremål
-Sveio kommune vil leggja til rette for eit hundehald som legg vekt på tryggleik, ro og orden.
-Gjera konfliktnivået minst mogleg mellom hundeeigar og ålmenta.
-Medverka til at born får eit trygt og godt tilhøve til hund.
-Medverka til at hund ikkje jagar bufe på beite.
-Vern om viltet.
§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for hundehald i Sveio kommune.

§ 3.Føresegner om sikring av hund
a)Eigar eller innehavar av hund i Sveio kommune skal halda hunden i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda i tida frå 1. april til og med 15. oktober slik at den ikkje kan jaga eller skada bufe, fjørfe, hest eller vilt, herunder viltet sitt egg, reir og bu.
b)Hundar skal haldast i band heile året i bustadområde, og ved offentlege byggområde.
c)Hundar skal haldast i band heile året i parkområde og anlegg for leik, idrett, sport eller rekreasjon.
d)Hundar skal haldast i band heile året i og ved dei offentlege friluftsområda i kommunen.
e)Hund skal haldast i band på inngjerda områder kor det beitar bufe.
f)Det er forbode å ta hund med inn på areal til kyrkjene og på kyrkjegardane.
g)Det er forbode å ta hund med inn i dei verna våtmarksområda i kommunen.
h)Det er forbode å ta hund med inn til barnehagar og skuleområder.
i)Ved ekstraordinære tilhøve for å ta vare på viltet kan viltnemnda gjera vedtak om at det skal vera bandtvang i ei lengre tid enn kva som er gjeve etter punkt a.

Unnateke frå denne paragraf, punkt e, f, g, h og i er førarhundar for blinde og svaksynte. Andre hundar har berre tilgjenge om det er i undervisningssamanheng og er etter avtale med ansvarleg skule eller barnehage, gjeld etter punkt g.

Hundeeigar pliktar å gjera seg kjent med anna lovverk knytta til hund.

§ 4.Unnateke frå bandtvangsreglane
a)For dressert bufehund når den blir bruka til å vakta/samla bufe.
b)Hund som blir nytta som politi-, toll-, militær- og redningsvesen eller er under trening eller prøving for slik teneste.
c)Hundar som blir nytta som ettersøkshund etter skada eller sjukt vilt.
d)Særlege bruksføremål, avgrensa område eller nærare gjevne hunderasar eller hundetypar eller for hund som har særskilt trening, når dette er fastsatt ved enkelt vedtak av rådmannen.
e)Hund når den blir brukt til jakt, jakthundtrening og jaktprøve mellom 1. april og 15. oktober.
§ 5.Ekstraordinær bandtvang

Sveio kommune kan fastsette ekstraordinær bandtvang, denne har rådmannen fullmakt til å gjera vedtak om.

§ 6.Forsøpling

Langs offentlege vegar og på område som er tilgjengeleg for ålmenta skal eigar/brukar av hund sørga for at hundeavføring blir fjerna. Det same gjeld dei offentlege badeområda og liknande.

§ 7.Straff

Brot på denne forskrifta kan straffast.

§ 8.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft 1. april 2006.

Frå same tid vert forskrift 14. juni 1977 nr. 1 om båndtvang for hund, Sveio kommune, Hordaland opphevd.