Forskrift om hundehald, Jølster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2006-03-07-330
PublisertII 2006 hefte 2
Ikrafttredelse23.03.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forJølster kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§11, LOV-2003-07-04-74-§12
Kunngjort23.03.2006
KorttittelForskrift om hundehald, Jølster

Kapitteloversikt:

Fastsett av Jølster kommunestyre 7. mars 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 11 og § 12.

Innleiande føresegner

§ 1.Føremål

Jølster kommune som er forskriftsutstedar ynskjer gjennom denne forskrifta å:

-Fremme eit positivt og ansvarleg hundehald som ivaretek omsynet til tryggleik, alminneleg ro og orden.
-Redusere konfliktnivået mellom hundehald og ålmenta.
-Hindre at hundar skremmer eller hindrar folk og spesielt born frå fri leik.
-Hindre at hund jagar bufe på beite.
-Verne om vilt og viltet sitt leveområde, spesielt yngling og periodar med ekstraordinære naturtilhøve.
§ 2.Definisjonar

I denne forskrifta forstår ein:

a)Hundehald: Det å eige eller ha ansvar for hund for kortare eller lengre tid.
b)Bufe: Storfe, sau, geit og hest.
c)Vilt: Alle dyr som lever og ynglar fritt i naturen.
d)Eigedom: eige gards- og bruksnummer og festenummer.
e)Hushald: bueining på eigedom.
§ 3.Virkeområde

Forskrifta omfattar utvida reglar for bandtvang, og kjem i tillegg til ordinære føresegner om bandtvang. Forskrifta gjeld for alle som bur eller oppheld seg i kommunen fast eller mellombels.

Føresegner om sikring av hundar

§ 4.Om bandtvang

Hundar skal haldast i band og under forsvarleg oppsyn:

a)I bustadområde og friområde innafor bustadområde, samt i og nær anlegg for idrett og friluftsaktivitet med unntak av organisert aktivitet: Heile året.
b)I utmark og innmark der bufe beiter fram til 1. november.

Unntak er dei tilhøve som er nemnde i hundelova § 9 «Unntak frå sikringsregelen».

§ 5.Om område der hundar har avgrensa tilgjenge
a)Hundar har ikkje tilgjenge til skular eller skulegarden og barnehagar utan etter avtale mellom hundeeigar/førar og den som har ansvaret for skulen eller barnehagen.
b)Hundar har ikkje tilgjenge til leikeplassar eller område lagt til rette for leik.
c)Hundar har ikkje tilgjenge til kyrkjegardar og gravlundar.

Unntak er førarhundar

§ 6.Om ekstraordinær bandtvang

Myndigheit til å utforme hasteforskrift for innføring av ekstraordinær bandtvang er delegert til rådmannen.

Under omstende der ekstraordinær bandtvang vert innført er det ikkje høve til unnatak frå sikringsreglane til føremål som gjeld jakt, jakthundtrening og jaktprøver, jf. § 9 bokstav f i hundelova.

Andre føresegner

§ 7.Hundehald i eit hushald/på ein eigedom

I samsvar med hundelova sitt føremål og § 1 i denne forskrifta er det eit vilkår at det i alt hundehald skal takast naudsynt omsyn til tryggleik, ro og orden for alle som bur eller ferdast i området. Brot på dette, som t.d. urimeleg støy, utrygge situasjonar for barn, er å rekne som brot på vilkåra for hundehald.

§ 8.Om reinhald

Eigar eller den som har ansvaret for hund pliktar å fjerne ekskrement som hunden etterlet seg i bustadområde, langs offentleg veg, idrettsanlegg og friområde lagd til rette for ålmenta.

Straff og ikrafttreden

§ 9.Straff

Straff er regulert i § 28 i hundelova.

§ 10.Ikrafttreden

Forskrifta trer i kraft frå kunngjeringsdato i Norsk Lovtidend.

Frå same tid opphevast forskrift 27. januar 1978 nr. 11 om båndtvang for hund, Jølster kommune, Sogn og Fjordane.