Forskrift om spreiingstidspunkt for husdyrgjødsel, Osterøy kommune, Hordaland

DatoFOR-2006-04-26-1736
PublisertII 2009 hefte 4
Ikrafttredelse01.05.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forOsterøy kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, LOV-1981-03-13-6-§9, LOV-2003-12-19-124-§7, LOV-2003-12-19-124-§33
Kunngjort21.08.2009   kl. 14.20
KorttittelForskrift om gjødselspreiingstidspunkt, Osterøy

Heimel: Fastsett av Osterøy kommunestyre 26. april 2006 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23, jf. lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3 og § 11 fyrste ledd, lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9 nr. 1-3 og lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 7 og § 33.

§ 1.Formål

Forskrifta har som formål å hindre forureining til luft, vassdrag, grunnvatn fjord og havområde som følgje av husdyrhald, ved å sikre at husdyrgjødsel vert utnytta best mogleg som ressurs for planteproduksjon.

Vidare er det eit mål å sikre at husdyrgjødsel vert disponert på ein slik måte at omsynet til det biologiske mangfaldet vert ivareteke.

Det er og eit mål å redusere ulemper med lukt og partikkelspreiing som følgje av disponering av husdyrgjødsel nær område med busetnad.

§ 2.Gjeldande område

Forskrifta gjeld spreiing av husdyrgjødsel for heile kommunen.

§ 3.Spreietidspunkt

I Osterøy kommune er det tillete å spreie husdyrgjødsel i perioden frå 15 mars og fram til 15 september. Det er ikkje tillate å spreie på snødekt eller frosen mark. Spreiinga må skje så tidleg i vekstsesongen at ein kan få monaleg gjenvekst som blir hausta.

Kommunen kan etter skriftleg søknad dispensere i særskilde tilfelle i perioden 15 september til 1. november, jf. § 5 denne forskrift.

§ 4.Ansvar og tilsyn

Brukar av aktuelt areal er ansvarleg for at forskrifta vert fylgd.

§ 5.Unntak

Osterøy kommune kan i særlege tilfelle gjere unntak frå denne forskrifta, jf. forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 og § 31.

Kommunen har ikkje høve til å dispensere for spreietidspunktet mellom 1. november og 15. februar.

§ 6.Klage

Vedtak gjort av Osterøy kommune etter § 5 kan påklagast. Klagen skal stilast til Fylkesmannen, men sendast om Osterøy kommune.

§ 7.Straff

Ved brot på forskrifta kjem forureiningslova kap. 10 til bruk, dersom forholdet ikkje kjem inn under strengare straffeforhold.

§ 8.Forskrifta trer i kraft

Forskrifta trer i kraft frå 1. mai 2006.