Forskrift om bandtvang for hund, Vågå kommune, Oppland.

DatoFOR-2006-05-30-587
PublisertII 2006 hefte 3
Ikrafttredelse30.05.2006
Sist endret
EndrerFOR-1948-10-12-1
Gjelder forVågå kommune, Oppland.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort08.06.2006
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Vågå

Fastsett av Vågå kommunestyre 30. mai 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6.

§ 1.Eigar eller innehavar av hund i Vågå kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 1. oktober i dei område der husdyr har rett til å beite og faktisk beitar.
§ 2.Denne forskrifta gjeld ikkje for:
a)dresserte gjetarhundar i arbeid
b)tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving
c)hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt
d)jakthundar som nyttast under lovleg jakt, samt under lovleg trening eller prøving og som blir følgd på forsvarleg måte av eigar eller innehavar
e)hund nytta til lovleg uttak av rovvilt
f)organisert trening av brukshundar.
§ 3.Brot på denne føresegna er straffbart, sjå lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald § 28.
§ 4.Denne føresegna trer i kraft 30. mai 2006. Samstundes blir føresegn av 12. oktober 1948 nr. 1 om bandtvang for hund, Vågå kommune, Oppland, oppheva.