Forskrift om hundehald, Tokke kommune, Telemark.

DatoFOR-2006-06-13-972
PublisertII 2006 hefte 3
Ikrafttredelse17.08.2006
Sist endret
EndrerFOR-1986-09-19-1893
Gjelder forTokke kommune, Telemark.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§11, LOV-2003-07-04-74-§12
Kunngjort17.08.2006
KorttittelForskrift om hundehald, Tokke

Kapitteloversikt:

Fastsett av Tokke kommunestyre 13. juni 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 11 og § 12.

Innleiande føresegner

§ 1.Føremål

Tokke kommune ynskjer gjennom denne føreskrifta å:

-Fremme eit positivt og ansvarleg hundehald som ivaretek omsynet til tryggleik og alminneleg ro og orden.
-Redusere konfliktnivået mellom hundehald og ålmenta.
-Hindre at hundar skremmer eller hindrar spesielt born frå fri leik av.
-Hindre at hund jagar bufe på beite.
-Verne om vilt og viltet sitt leveområde, spesielt yngling og periodar med ekstraordinære naturtilhøve.
§ 2.Definisjonar

I denne føreskrifta forstår ein:

a)Hundehald: Det å eige eller ha ansvar for hund for kortare eller lengre tid.
b)Bufe: Storfe, sau, geit og hest.
c)Vilt: Alle dyr som lever og ynglar fritt i naturen.
d)Eigedom: eige gards- og bruksnummer.
e)Hushald: bueining på eigedom.
§ 3.Virkeområder

Forskrifta omfattar utvida reglar for bandtvang, og kjem i tillegg til ordinære bandtvangsføresegner. Forskrifta gjeld for alle som bur eller oppheld seg innanfor Tokke kommune.

Føresegner om sikring av hundar

§ 4.Om bandtvang

Hundar skal haldast i band og under forsvarleg oppsyn:

a)I bustadområde og friområde innafor bustadområde, samt i og nær anlegg for idrett og friluftsaktivitet med unntak av organisert aktivitet: Heile året.
b)I utmarka der bufe beiter fram til 15. september.
c)I og ved innmark fram til 25. september

Unntak er dei tilhøve som er nemnde i hundelova § 9 «Unntak frå sikringsregelen».

§ 5.Om område der hundar har avgrensa tilgjenge
a)Hundar har ikkje tilgjenge til skular eller skulegarden og barnehagar utan etter avtale mellom hundeeigar/førar og den som har ansvaret for skulen eller barnehagen.
b)Hundar har ikkje tilgjenge til leikeplassar eller områder til rette lagde for leik.
c)Hundar har ikkje tilgjenge til kyrkjegardar og gravlund.

Unntak er førarhundar.

§ 6.Om ekstraordinær bandtvang

Myndigheit til å utforme hasteforskrift for innføring av ekstraordinær bandtvang er delegert til rådmannen.

Under omstende der ekstraordinær bandtvang vert innført er det ikkje høve til unnatak frå sikringsreglane til føremål som gjeld jakt, jakthundtrening og jaktprøver, jf. § 9 bokstav f i hundelova.

Andre føresegner

§ 7.Om reinhald

Eigar eller den som har ansvaret for hund pliktar å fjerne ekskrement som hunden etterlet seg i bustadområde, langs offentleg veg, idrettsanlegg og friområde lagd til rette for ålmenta.

§ 8.Straff og verknad frå

Med bøter eller fengsel i inntil seks månader og bot, straffast ein hundeeigar som forsettleg eller uaktsamt bryt denne forskrifta jfr. § 6 lov om hundehold.

§ 9.Verknad frå

Forskrifta trer i kraft frå kunngjeringsdato i Norsk Lovtidend.

Frå same tid opphevast forskrift 19. september 1986 nr. 1893 om bandtvang for hund, Tokke kommune, Telemark.