Forskrift om hundehold, Odda kommune, Hordaland.

DatoFOR-2006-06-14-1349
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2007
Sist endret
EndrerFOR-1994-09-28-957
Gjelder forOdda kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§11, LOV-2003-07-04-74-§32
Kunngjort07.12.2006
KorttittelForskrift om hundehold, Odda

Kapitteloversikt:

Fastsett av Odda kommunestyre 14. juni 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 11 og § 32.

Føresegner om sikring av hundar

§ 1.Til hundelova § 6: Om bandtvang

Hundar skal haldast i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerdet i tida 1. april - 31. oktober, når bufe normalt er henta heim.

I tettstadane skal hund haldast i band heile året. Omgrepet tettstad femner her om:

-eit område i Odda grensa av Eitrheimselva i Nord og Vasstun - Strand med Buerdalen og Buer i sør.
-Tyssedal tettstad og
-Skare/Skarsmoen grensa av Håbru/Seljestad/Storelva i sør og vest, til Steinaberg bru - vegkrysset Reinsnosvegen til grensa for Skare bustadområde mot nord, langs grensa for Skare bustadområde mot aust og tilbake til Seljestadelva i sør.

Grensene for desse ovennevnte områda går fram av kart dagsett 28. september 1994.

-Røldal tettstad, avgrensa til området Dalen - Lynghamar kraftstasjon - Hamre
-Håradalen, avgrensa til området Håra tettstad, hytteområde og skianlegga i Håradalen.

Grensene for desse ovennevnte områda går fram av kartskisse vedlagt OK-sak 039/06.

Andre bestemte angitte områder som er underlagt heilårs bandtvang:

-hytteområdet Åsen og Mågelitopp.

Grensene for dette området går fram av kartskisse.

Unntatt er dei tilhøva som er skildra i hundelova § 9 «unntak for sikringsreglene».

§ 2.Til hundelova § 6: Hundar skal ikkje ha tilgjenge til barnehageområde og skuleområde

Andre lovføresegner

§ 3.Til hundelova § 11: Om reinhald

Hundehaldar har plikt til straks å fjerne ekskrement som hunden etterlet seg på gater, fortau, park, bru, brygge, kai, strand, anlegg eller annan offentleg stad som ålmenta nyttar.

§ 4.Til hundelova § 32: Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 2007.

Frå same tid vert forskrift 28. september 1994 nr. 957 om båndtvang for hund, Odda Kommune, Hordaland opphevd.