Forskrift om hundehald, Fræna kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2006-06-19-655
PublisertII 2006 hefte 3
Ikrafttredelse19.06.2006
Sist endret
EndrerFOR-1996-02-02-158
Gjelder forFræna kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-2003-07-04-74
Kunngjort22.06.2006
KorttittelForskrift om hundehald, Fræna

Fastsett av Fræna kommunestyre 19. juni 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven).

§ 1.Bandtvang

I tida frå og med 1. april til og med 31. oktober skal eigar eller innehavar av hund i Fræna kommune halde hunden i band eller forsvarleg inngjerda eller innestengt.

§ 2.Om bandtvang
a)Unntak frå bandtvangsreglane

Unntak frå § 1 går fram av hundelova sin § 9 «Unntak frå sikringsreglane.»

Treningsområdet for jakt- og brukshundar på Varhol er unnateke føresegna om bandtvang.

b)Ekstraordinær bandtvang

Mynde til å fastsetje vedtak om ekstraordinær bandtvang er delegert til rådmannen.

c)Område med avgrensa tilgjenge

I Fræna kommune har ikkje hundar tilgjenge til barnehagar, skulegardar eller kyrkjegardar. Føresegna gjeld ikkje førarhundar eller hundar som er til stades på skular/barnehagar i samråd med ansvarlege for skule/barnehage.

d)Offentleg stad

På offentleg stad er det forbode å la hund gå laus.

Hund skal vere utstyrt med halsband med namn, adresse og telefonnummer til eigaren eller den som har ansvaret for hunden.

§ 3.Reinhald/forsøpling

Eigaren eller den som har ansvar for hunden pliktar straks å fjerne ekskrement som hunden let etter seg på offentleg stad.

§ 4.Ikraftsetjing

Denne forskrifta tek til å gjelde straks. Samstundes vert forskrift 2. februar 1996 nr. 158 om bandtvang for hund, Fræna kommune, Møre og Romsdal, oppheva.