Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer mv. av organisk opphav på eng, Ørsta kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2006-07-04-907
PublisertII 2006 hefte 3
Ikrafttredelse04.07.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forØrsta kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1992-09-25-107-§13
Kunngjort13.07.2006
KorttittelForskrift om spreiing av gjødsel, Ørsta

Fastsett av Ørsta formannskap 4. juli 2006 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23, jf. lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) § 13.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å fastsette ein eigen frist for spreiing tilpassa dei lokale tilhøva i kommunen innanfor vilkåra av forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld heile kommunen.

§ 3.Spreietidspunkt

Spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og anna grøde skal gjerast seinast innan 15. september.

For all spreiing av gjødselvarer av organisk opphav utan nedmolding/nedfelling på eng etter 1. september gjeld at ein kan maksimalt spreie 2 m³ /daa, og mot alle vassdrag skal ein setje att ei sone på 20 m som ikkje vert gjødsla.

§ 4.Klage

Vedtak gjort av kommunen etter forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav kan klagast til fylkesmannen.

§ 5.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft straks.