Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav, Balestrand kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2006-08-29-1127
PublisertII 2006 hefte 4
Ikrafttredelse29.08.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forBalestrand kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, LOV-1981-03-13-6-§9, LOV-1982-11-19-66-§4a-1, LOV-2003-12-19-124-§33.
Kunngjort12.10.2006
KorttittelForskrift om gjødselspreiing, Balestrand

Fastsett av Utval for plan og utvikling i Balestrand kommune 29. august 2006 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 tredje ledd.

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å fastsetje frist for spreiing av husdyrgjødsel på grasmark utan nedmolding om hausten.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for heile Balestrand kommune.

§ 3.Spreietidspunkt

Siste dato for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding vert sett til 30. september.

§ 4.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.