Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav på eng i Fræna kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2006-09-04-1047
PublisertII 2006 hefte 4
Ikrafttredelse04.09.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forFræna kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, LOV-1981-03-13-6-§9, LOV-1982-11-19-66-§4a-1, LOV-2003-12-19-124-§7, LOV-2003-12-19-124-§33, LOV-2003-12-19-124-§36, FOR-2003-07-04-951-§23
Kunngjort14.09.2006
KorttittelForskrift om spreiing av gjødsel, Fræna

Fastsett av Fræna kommunestyre 4. september 2006 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å fastsette ein eigen frist for spreiing tilpassa dei lokale tilhøva i kommunen innafor vilkåra av forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld heile kommunen.

§ 3.Spreietidspunkt

Spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og annan grøde skal gjerast seinast innan 15. september. Kommunen kan på dei vilkår som er nemnt i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 gi løyve til seinare spreiing fram til 1. oktober.

§ 4.Klage

Vedtak gjort av kommunen etter forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav kan klagast til fylkesmannen.

§ 5.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft straks.