Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav, Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2006-09-06-1092
PublisertII 2006 hefte 4
Ikrafttredelse06.09.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forHøyanger kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, LOV-1981-03-13-6-§9, LOV-1982-11-19-66-§4a-1, LOV-2003-12-19-124-§33.
Kunngjort28.09.2006
KorttittelForskrift om gjødselspreiing, Høyanger

Fastsett av Høyanger formannskap 6. september 2006 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 tredje ledd.

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å fastsetje frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav på grasmark utan nedmolding om hausten.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta omfattar gjødselvarer av organisk opphav, nærare bestemt husdyrgjødsel og silopressaft. Forskrifta gjeld for heile Høyanger kommune.

§ 3.Spreietidspunkt

Siste dato for spreiing av gjødsel av organisk opphav utan nedmolding vert sett til 20. september.

§ 4.Unntak

Kommunen kan ut frå klimatiske tilhøve einskilde år, gjere vedtak om generell utsetjing av spreietidspunkt, men ikkje seinare enn 30. september.

§ 5.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.