Forskrift om spreietidspunkt for gjødsel av organisk opphav, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2006-09-07-1050
PublisertII 2006 hefte 4
Ikrafttredelse14.09.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forSogndal kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, LOV-1981-03-13-6-§9, LOV-1982-11-19-66-§4a-1, LOV-2003-12-19-124-§7, LOV-2003-12-19-124-§33, LOV-2003-12-19-124-§36, FOR-2003-07-04-951-§23
Kunngjort14.09.2006
KorttittelForskrift om spreiing av gjødsel, Sogndal

Fastsett av Sogndal kommunestyre 7. september 2006 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23. 

1.Spreiing av gjødselvarer mv. av organisk opphav utan nedmolding bør gjerast så tidleg i vekstsesongen at det er mogeleg med ein vesentleg gjenvekst og seinast 20. september.
2.I tidsrommet 21. september til 1. oktober kan det i særleg høve gjevast dispensasjon.

Særlege høve kan vera lokalisering av spreiearealet der det er avrenning til sjø eller der faren for ureining er større utan spreiing.