Forskrift om frist for spreiing av husdyrgjødsel i Fjaler kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2006-09-12-1053
PublisertII 2006 hefte 4
Ikrafttredelse12.09.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forFjaler kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, LOV-1981-03-13-6-§9, LOV-1982-11-19-66-§4a-1, LOV-2003-12-19-124-§7, LOV-2003-12-19-124-§33, LOV-2003-12-19-124-§36, FOR-2003-07-04-951-§23
Kunngjort14.09.2006
KorttittelForskrift om spreiing av husdyrgjødsel, Fjaler

Fastsett av Fjaler kommunestyre 12. september 2006 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 tredje ledd. 

§ 1.Forskrifta gjeld siste frist for spreiing av husdyrgjødsel på grasmark utan nedmolding om hausten, og gjeld heile Fjaler kommune.
§ 2.I medhald av forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav, vert siste dato for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding i Fjaler kommune sett til 15. september.
§ 3.Fjaler kommune kan år om anna, når særskilde tilhøve tilseier det, dispensere frå forskrifta sin § 2 slik at det kan gjevast generell utsetjing med fristen for å spreie husdyrgjødsel i heile eller i deler av kommunen. Det kan likevel ikkje gjevast slik generell dispensasjon lenger enn til og med 30. september.
§ 4.Forskrifta trer i kraft straks.