Forskrift om utvida bandtvang for hund, Surnadal kommune, Møre og Romsdal.

DatoFOR-2006-09-14-1080
PublisertII 2006 hefte 4
Ikrafttredelse14.09.2006
Sist endret
EndrerFOR-1989-11-30-1373
Gjelder forSurnadal kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort21.09.2006
KorttittelForskrift om utvida bandtvang, Surnadal

Fastsett av Surnadal kommunestyre 14. september 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 andre ledd bokstav a, b, c og e.

§ 1.Generell bandtvangstid

Eigar eller innehavar av hund i Surnadal kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i område der bufe beiter og i den tid bufe beiter, frå og med 1. april til og med 31. oktober.

§ 2.Sikring av hund

Hunder skal haldast i band, eller forsvarleg innestengt eller inngjerda

a)i og i tilknytning til boligområder og handleområder
b)i parker, på kirkegårder, grav- og urnelunder, på og ved skoler, barnehager og anlegg for leik, idrett, sport eller rekreasjon
c)på og ved bestemt angitte turstier, turveier, merkede skiløyper, leir- og rasteplasser.
§ 3.Unntak

Unntak frå bandtvang går fram av § 9 i hundelova. Dette gjeld m.a.

-hund når den blir brukt i reindrift
-dressert hund brukt til gjeting
-hund i aktiv politi-, toll-, militær- og redningsteneste eller under trening eller prøving for slik teneste
-hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra eller sykt vilt
-særlige bruksformål, jf. § 9 pkt. e i hundelova
-hund brukt til jakt, organisert jakthundtrening og organisert jaktprøving.
§ 4.Straff

Brot på denne føresegna er straffbart.

§ 5.Iverksetjing

Denne føresegna tek til å gjelde straks. Frå same tid vert forskrift 30. november 1989 nr. 1373 om bandtvang for hund, Surnadal kommune, Møre og Romsdal, oppheva.