Forskrift om sikring av hund, Fjell kommune, Hordaland.

DatoFOR-2006-09-21-1217
PublisertII 2006 hefte 4
Ikrafttredelse01.01.2007
Sist endret
EndrerFOR-1975-05-29-13
Gjelder forFjell kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-2003-07-04-74
Kunngjort09.11.2006
KorttittelForskrift om sikring av hund, Fjell

Fastsett av Fjell kommunestyre 21. september 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven).

§ 1.Virkeområde

Forskrifta omfattar presisering av reglar for sikring av hund, og kjem i tillegg til dei ordinære bandtvangsreglane i hundelova.

§ 2.Generell bandtvang

I tida frå og med 1. april til og med 10. oktober skal hundar i Fjell kommune haldast i band eller forsvarleg inngjerda eller innestengt.

§ 3.Sikring av hund

Utover påbodet i § 2, skal hundar haldast i band, forsvarleg innestengt eller inngjerda heile året

a)i og i tilknyting til bustadområde og handleområde
b)i parkar, på kyrkjegardar, grav- og urnelundar, på og ved skolar, barnehagar, offentlege badeplassar, anlegg for leik, idrott og sport
c)på Fjell gard gnr. 56 og 57, Kleivane gnr. 58, Tveita gnr. 7, Ulveset gnr. 8, Skoge gnr. 10 i området nord for Signalen.
§ 4.Unntak frå sikringsreglane
a)dressert bufehund når han nyttast til å vakta husdyr i landbruket
b)hund i aktiv politi-, militær- og bergingsteneste
c)hund i aktiv teneste som ettersøkshund etter såra eller sjukt vilt
d)hund i bruk til jakt, jakthundtrening, jaktprøving.
§ 5.Forsøpling

Ekskrement som hund legg frå seg på offentleg stad og på område som er tilgjengeleg for ålmenta i tettbygd strok skal straks fjernast av eigar eller den som har ansvaret for hunden. Tilsvarande gjeld for badeplassar, skolar barnehagar, kyrkjegardar, parkar og liknande.

§ 6.Dispensasjon

Kommunen kan ved rådmannen/naturressursutvalet dispensere frå denne forskrift § 2 og § 3.

§ 7.Straff

Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. hundelova § 28.

§ 8.Trer i kraft

Denne forskrifta trer i kraft 1. januar 2007, og erstattar samstundes forskrift 29. mai 1975 nr. 13 om bandtvang for hund, Fjell kommune, Hordaland.