Forskrift om frist for spreiing av husdyrgjødsel, Askvoll kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2006-09-25-1730
PublisertII 2008 hefte 2
Ikrafttredelse25.09.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forAskvoll kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23-§3,LOV-1995-05-12-23-§11, LOV-1981-03-13-6-§9, LOV-1982-11-19-66-§4a-1, LOV-2003-12-19-124-§33
Kunngjort24.04.2008   kl. 14.40
KorttittelForskrift om spreiing av husdyrgjødsel, Askvoll

Heimel: Fastsett av Askvoll kommunestyre 25. september 2006 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer m.v. av organisk opphav § 23 tredje ledd.

§ 1.Forskrifta gjeld siste frist for spreiing av husdyrgjødsel på grasmark utan nedmolding om hausten, og gjeld heile Askvoll kommune.
§ 2.I medhald av forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer av organisk opphav, vert siste dato for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding, i Askvoll kommune sett til 30. september.
§ 3.Askvoll kommune kan, når særskilde tilhøve tilseier det, dispensere frå forskrifta si § 2, slik at det kan gjevast enkeltløyve til spreiing i perioden 1. oktober til 1. november.
§ 4.Forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.