Forskrift om frist for spreiing av husdyrgjødsel, Førde kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2006-09-28-1141
PublisertII 2006 hefte 4
Ikrafttredelse28.09.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forFørde kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, LOV-1981-03-13-6-§9, LOV-1982-11-19-66-§4a-1, LOV-2003-12-19-124-§33.
Kunngjort12.10.2006
KorttittelForskrift om frist for gjødselspreiing, Førde

Fastsett av Førde bystyre 28. september 2006 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 tredje ledd.

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å fastsetje frist for spreiing av husdyrgjødsel på grasmark utan nedmolding om hausten.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for heile Førde kommune.

§ 3.Spreietidspunkt

Siste dato for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding vert sett til 20. september.

§ 4.Unntak

Kommunen kan ut frå klimatiske tilhøve gjere vedtak om generell utsetjing av spreietidspunktet, men ikkje seinare enn 1. oktober.

§ 5.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.