Forskrift etter konsesjonslova § 7 om nedsett konsesjonsgrense for Vågå kommune, Oppland.

DatoFOR-2006-11-21-1283
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse21.11.2006
Sist endret
EndrerFOR-2001-08-24-1041
Gjelder forVågå kommune, Oppland.
HjemmelLOV-2003-11-28-98-§7, FOR-2003-11-28-1401
Kunngjort23.11.2006
KorttittelForskrift om nedsett konsesjonsgrense, Vågå

Kapitteloversikt:

Fastsett av Landbruks- og matdepartementet 21. november 2006 med heimel i lov 28. november 2003 nr. 98 om konsesjon for erverv av fast eiendom (konsesjonsloven) mv. § 7 første ledd, jf. delegeringsvedtak 28. november 2003 nr. 1401.

I

I samsvar med konsesjonslova § 7 blir konsesjonsfridomen for eigedom det er bygd på, ikkje over 100 dekar, der ikkje meir enn 20 dekar av arealet er fulldyrka, sett ut av kraft i Vågå kommune for:

1.eigedom som det er bygd på som er eller har vore i bruk som heilårsbustad.
2.eigedom som det er bygd på, som ikkje er tatt i bruk som heilårsbustad, medrekna eigedom der bustad er under oppføring, i områder som i reguleringsplan etter plan- og bygningslova er regulert til bustadformål.

II

Denne forskrifta trer i kraft straks.

Frå same tidspunkt opphevast forskrift 24. august 2001 nr. 1041 om konsesjonsplikt for eigedom det er bygd på, Vågå kommune, Oppland fylke.