Forskrift om utvida bandtvang, Bykle kommune, Aust-Agder.

DatoFOR-2006-12-14-1542
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forBykle kommune, Aust-Agder.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort28.12.2006
KorttittelForskrift om utvida bandtvang, Bykle

Fastsett av Bykle kommunestyre 14. desember 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 bokstav e.

§ 1.Eigar eller innehavar av hund, som oppheld seg i Bykle kommune, skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 15. oktober i dei område der husdyr har rett til å beite eller faktisk beiter.
§ 2.Denne forskrift gjeld ikkje for:
a)dressert gjetarhund i arbeid,
b)hund i aktiv politi-, toll-, militær- og redningsteneste eller under trening eller prøving for slik teneste,
c)hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra eller sjukt vilt,
d)jakthund, når den vert brukt til lovleg jakt, jakthundtrening og jaktprøver mellom 20. august og 1. april, og som blir følgd på forsvarleg måte av eigar eller innehavar,
e)organisert trening av brukshundar.
§ 3.Brot på denne føresegna er straffbart, sjå lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven), § 28.
§ 4.Denne føresegna trer i kraft 1. januar 2007.