Forskrift om frist for spreiing av husdyrgjødsel, Naustdal kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2006-12-14-1737
PublisertII 2010 hefte 2
Ikrafttredelse14.12.2006
Sist endret
Endrer
Gjelder forNaustdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23
Kunngjort25.03.2010   kl. 15.40
KorttittelForskrift om frist for gjødselspreiing, Naustdal

Heimel: Fastsett av Naustdal kommunestyre 14. desember 2006 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 fjerde ledd, jf. lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova).

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å fastsetje frist for spreiing av husdyrgjødsel på grasmark utan nedmolding om hausten.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld for heile Naustdal kommune.

§ 3.Spreietidspunkt

Siste dato for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding vert sett til 20. september.

§ 4.Unntak

Kommunen kan ut frå klimatiske tilhøve gjere vedtak om generell utsetjing av spreietidspunktet, men ikkje seinare enn 30. september.

§ 5.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.