Føresegn om bandtvang, Valle kommune, Aust-Agder.

DatoFOR-2006-12-20-1659
PublisertII 2006 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forValle kommune, Aust-Agder.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort11.01.2007
KorttittelFøresegn om bandtvang

Fastsett av Valle kommunestyre 20. desember 2006 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6.

§ 1.Eigar eller innehavar av hund i Valle kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 15. oktober i heile Valle kommune.
§ 2.Denne forskrifta gjeld ikkje for:
a)dresserte gjetarhundar i arbeid
b)tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving
c)hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt
d)jakthundar som nyttast under lovleg jakt, samt under lovleg trening eller prøving mellom 20. august og 1. april, og som blir følgd på forsvarleg måte av eigar eller innehavar
e)organisert trening av brukshundar.
§ 3.Brot på denne føresegna er straffbart, sjå lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald § 28.
§ 4.Denne føresegna trer i kraft 1. januar 2007.