Forskrift om bandtvang for hund, Lom kommune, Oppland.

DatoFOR-2007-03-22-450
PublisertII 2007 hefte 2
Ikrafttredelse22.03.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forLom kommune, Oppland.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort03.05.2007
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Lom

Fastsett av Lom kommunestyre 22. mars 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6.

§ 1.Eigar eller innehavar av hund i Lom kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 1. oktober i dei område der husdyr har rett til å beite og faktisk beiter.
§ 2.Denne forskrifta gjeld ikkje for:
a)dresserte gjetarhundar i arbeid
b)tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving
c)hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt
d)jakthundar som nyttast under lovleg jakt, samt under lovleg trening eller prøving og som blir følgd på forsvarleg måte av eigar eller innehavar
e)hund nytta til lovleg uttak av rovvilt
f)organisert trening av brukshundar.
§ 3.Brot på denne føresegna er straffbart, sjå lov om hundehald 4. juli 2003 nr. 74 § 28.
§ 4.Denne føresegna trer i kraft 22. mars 2007.