Forskrift om hundehald, Sogndal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2007-04-26-509
PublisertII 2007 hefte 2
Ikrafttredelse16.05.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forSogndal kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§11, LOV-2003-07-04-74-§12
Kunngjort16.05.2007
KorttittelForskrift om hundehald, Sogndal

Kapitteloversikt:

Fastsett av Sogndal kommunestyre 26. april 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 11 og § 12.

Innleiande føresegner

§ 1.Sogndal kommune ynskjer gjennom denne forskrifta å:
-fremje eit positivt og ansvarleg hundehald som ivaretek omsynet til tryggleik, alminneleg ro og orden
-redusere konfliktnivået mellom hundehald og ålmenta
-hindre at hundar skremmer eller hindrar folk og spesielt born frå fri leik
-hindre at hund jagar bufe på beite
-verne om vilt og viltet sitt leveområde, spesielt yngling og periodar med ekstraordinære naturtilhøve.
§ 2.Definisjonar

I denne forskrifta forstår ein:

a)Hundehald: det å eige eller ha ansvar for hund for kortare eller lengre tid.
b)Bufe: Storfe, sau, geit og hest.
c)Vilt: Alle dyr som lever og ynglar fritt i naturen.
d)Eigedom: eigedom med eige gards- og bruksnummer og festenummer.
e)Hushald: bueining på eigedom.
§ 3.Virkeområde

Forskrifta omfattar utvida reglar for bandtvang, og kjem i tillegg til ordinære føresegner om bandtvang. Forskrifta gjeld for alle som bur eller oppheld seg i kommunen, fast eller mellombels.

Føresegner om sikring av hundar

§ 4.Om bandtvang

Hundar skal haldast i band og under forsvarleg oppsyn:

a)I bustadområde, friområde og leikeplassar eller område lagt til rette for leik, samt i og nær anlegg for idretts- og friluftsaktivitet med unntak av organisert aktivitet: Heile året
b)i utmark og innmark: frå 1. april til 1. november.

Unntak er dei tilhøve som er nemnde i hundelova § 9 unntak frå sikringsregelen.

§ 5.Om område der hundar har avgrensa tilgjenge
a)Hundar har ikkje tilgjenge til skular eller skulegarden og barnehagar utan etter avtale mellom hundeeigar/førar og den som har ansvaret for skulen eller barnehagen.
b)Hundar har ikkje tilgjenge til kyrkjegardar og gravlundar.

Unntak er tenestehundar i arbeid eller trening.

§ 6.Om ekstraordinær bandtvang

Under omstende der ekstraordinær bandtvang vert innført er det ikkje høve til unnatak frå sikringsreglane til føremål som gjeld jakt, jakthundtrening og jaktprøver, jf. § 9 første ledd bokstav f i hundelova.

Andre føresegner

§ 7.Hundehald i eit hushald/på ein eigedom

I samsvar med hundelova sitt føremål og § 1 i denne forskrifta er det eit vilkår at det i alt hundehald skal takast omsyn til tryggleik, ro og orden for alle som bur eller ferdast i området.

Brot på dette, som t.d. urimeleg støy, utrygge situasjonar for barn, er å rekne som brot på vilkåra for hundehald.

§ 8.Om reinhald

Eigar eller den som har ansvaret for hund pliktar å fjerne ekskrement som hunden etterlet seg i bustadområde, langs offentleg veg, idrettsanlegg og friområde lagd til rette for ålmenta.

§ 9.Mynde

Prinsipp for bruk av delegert mynde er vedteke i Sogndal kommune sitt delegasjonsreglement, kommunestyresak 07/02 av 13. februar 2002.

Mynde til å vedta hasteforskrift etter lova § 6 annet ledd bokstav f for innføring av ekstraordinær bandtvang er delegert til forvaltningsutvalet og rådmannen.

Mynde til å vedta forskrift eller gjera vedtak etter lova § 9 første ledd bokstav e for fastsetjing av særskilte områder utan bandtvang er delegert til forvaltningsutvalet og rådmannen.

Straff og ikrafttreden

§ 10.Straff

Straff er regulert i § 28 i hundelova.

§ 11.Ikrafttreden

Forskrifta trer i kraft frå kunngjeringsdato i Norsk Lovtidend.