Forskrift om spreiing av gjødselvarer av organisk opphav, Gulen kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2007-05-10-573
PublisertII 2007 hefte 3
Ikrafttredelse10.05.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forGulen kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, LOV-1981-03-13-6-§9, LOV-1982-11-19-66-§4a-1, LOV-2003-12-19-124-§33, LOV-2003-12-19-124-§36
Kunngjort07.06.2007
KorttittelForskrift om gjødselspreiing, Gulen

Fastsett av Gulen kommunestyre 10. mai 2007 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23 tredje ledd, jf. lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3, § 11, lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven) § 9, lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene § 4a-1 og lov 19. desember 2003 nr. 124 om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven) § 33 og § 36.

§ 1.Formål

Formålet med denne forskrift er å sikre tilfredsstillande kvalitet på produkter, hindre ureining, lagring og bruk av gjødselvarer av organisk opphav samt legge til rette for at desse produkta kan nyttast som ein ressurs.

Forskrifta skal bidra til ei miljømessig forsvarleg forvaltning av jordsmonnet og ivareta omsynet til biologisk mangfald.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta omfattar gjødselvarer av organisk opphav, nærare bestemt husdyrgjødsel og silopressaft. Forskrifta gjeld for heile Gulen kommune.

§ 3.Spreietidspunkt

Siste dato for spreiing av husdyrgjødsel og silopressaft utan nedmolding/nedfelling vert sett til 20. september.

Kommunen kan med enkeltvedtak tillate ein seinare frist for spreiing utan nedmolding/nedfelling, men ikkje seinare enn 1. oktober.

§ 4.Klage

Vedtak etter denne forskrift kan påklagast etter forvaltningslova av 10. februar 1967.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er klageinstans og klaga skal sendast om kommunen.

§ 5.Ikraftsetjing

Forskrifta har verknad frå vedtaksdato.