Forskrift om utvida bandtvang for hund, Nord-Fron kommune, Oppland.

DatoFOR-2007-05-23-574
PublisertII 2007 hefte 3
Ikrafttredelse01.08.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forNord-Fron kommune, Oppland.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort07.06.2007
KorttittelForskrift om utvida bandtvang, Nord-Fron

Fastsett av utval for landbruks-, utmarks- og miljøsaker i Nord-Fron 23. mai 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 annet ledd bokstav a, b og e. 

Nord-Fron kommune viser til lov om hundehald som har lovfesta bandtvang frå 1. april til og med 20. august. 

Utvida bandtvang:

§ 1.Alle som bur fast eller for ei tid oppheld seg i kommunen og som sjølve eig/har ansvaret for hund, skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 21. august til og med 15. oktober i dei områda der husdyr har rett til å beite og faktisk beiter.
§ 2.I bustadområde, handleområde og parkar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett, sport eller rekreasjon, skal hund haldast i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda heile året.

På kyrkjegardar er det ikkje tillate å ta med hund.

§ 3.Denne forskrifta gjeld ikkje for:
a)dresserte gjetarhundar i arbeid
b)tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving
c)hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt
d)jakthundar som nyttast under lovleg jakt, samt under trening eller prøving på lovleg område og som blir følgd på forsvarleg måte av eigar eller innehavar
e)organisert trening av brukshundar.
§ 4.Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. § 28 i hundelova.
§ 5.Denne forskrifta trer i kraft 1. august 2007.