Forskrift om hundehald, Gol kommune, Buskerud.

DatoFOR-2007-06-19-763
PublisertII 2007 hefte 3
Ikrafttredelse19.06.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forGol kommune, Buskerud.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11
Kunngjort03.07.2007
KorttittelForskrift om hundehald, Gol

Fastsett av Gol kommunestyre 19. juni 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundelova) § 6, § 9 og § 11.

§ 1.Virkeområde og definisjon

Denne forskrift omfattar hundehald i Gol kommune. Forskrifta supplerer avgjerder gjeve i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald, og må sjåast i samanheng med denne.

Med bandtvang er det i denne forskrifta meint at hundehaldar skal halde hunden i fysisk band eller forsvarleg inngjerda eller avstengd.

§ 2.Utvida bandtvang av omsyn til husdyr på beite

I Gol kommune er det, i tillegg til ordinær bandtvang f.o.m. 1. april t.o.m. 20. august, utvida bandtvang av omsyn til beitande husdyr i tida f.o.m. 21. august t.o.m. 30. september.

§ 3.Bandtvang i område av omsyn til menneske

Det er bandtvang i alle tråkkemaskinpreparerte skiløyper i tidsrommet f.o.m. 24. desember t.o.m. 1. januar, vinterferien og f.o.m. palmesundag t.o.m. 2. påskedag (juleferie, vinterferie og påskeferie). Dersom hund er med skal hunden ikkje vera til hinder for andre brukarar.

Det er bandtvang heile året i tettstader, område med bustad, område regulert til offentleg formål, på kyrkjegardar og tilrettelagte friluftsområde.

§ 4.Avgjerder om ro og hygiene

I tettbygde strøk skal hund verte passa utandørs, slik at den ikkje forstyrrar nabolaget med vedvarande støy.

Hundehaldar pliktar å fjerne avføring som hunden legg att i tettbygd strøk, langs offentleg veg, idrettsanlegg, skiløype og tilrettelagt friluftsområde, eller i andre område som er tilgjengeleg for allmenn ferdsel i tettbygd strøk.

§ 5.Område der hundar ikkje har eller har avgrensa tilgang

Hundar har ikkje tilgang til barnehagar eller skuleområde utan avtale mellom hundeførar og den ansvarlege for skule eller barnehage.

Dette punktet omfattar ikkje tenestehund, førarhund for blinde eller svaksynte.

§ 6.Dispensasjon

Etter søknad kan kommunen dispensere frå bandtvangsavgjerder gitt i hundelova eller denne forskrifta.

§ 7.Straff

Brot på avgjerdene i denne forskrifta er straffbart og kan straffast etter § 28 i hundelova.

§ 8.Iverksetjing

Denne forskrift gjeld frå 19. juni 2007.