Forskrift om hundehald, Forsand kommune, Rogaland.

DatoFOR-2007-06-20-917
PublisertII 2007 hefte 3
Ikrafttredelse02.08.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forForsand kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11
Kunngjort02.08.2007
KorttittelForskrift om hundehald, Forsand

Kapitteloversikt:

Fastsett av Forsand kommunestyre 20. juni 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9 og § 11.

§ 1.Føremål

Forsand kommune vil med denne forskrifta:

-Leggja til rette for eit hundehald som vektlegg tryggleik og alminneleg ro og orden
-Redusera konfliktnivået mellom hundeeigarar og ålmenta
-Medverka til at spesielt barn ikkje vert skremd eller skadd av hundar
-Medverka til at hundar ikkje jagar bufe på beite
-Verna viltet under ekstraordinære tilhøve.
§ 2.Virkeområde

Forskrifta omfattar reglar for hundehald i Forsand kommune.

Lovføresegner om sikring av hundar

§ 3.Om bandtvang

Hundar skal haldast i band, innestengd eller inngjerda:

a)I bustad- og handleområde og ved offentlege institusjonar - heile året.
b)På offentlege gang- og sykkelstiar - heile året.
c)I område der bufe går på beite, - frå og med 1. april til og med 15. oktober.

Unntatt frå bandtvangsreglane etter § 9 i hundelova er dressert bufehund når den vert nytta til å driva bufe, hund i aktiv politi- og redningsteneste, eller under trening eller under prøving for slik teneste og hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra eller sjukt dyr.

§ 4.Om område der hundar ikkje skal ha tilgjenge:
a)Barnehagar
b)Kyrkjegardar
c)Skulegardar.

Unntatt frå denne paragraf er førarhundar for blinde og politihundar i aktiv bruk. Andre hundar har berre tilgjenge om det er i undervisningssamanheng og er etter avtale med ansvarleg for skule eller barnehage.

§ 5.Unntak frå sikringsreglane

Forsand kommune kan etter søknad gje unntak frå bandtvangsreglane i hundelova, § 4, § 6 og § 7, når dette er naudsynt til:

a)Organisert bruk av hundar til takserings- og forskingsarbeid
b)Organisert trening av hundar. 

Andre lovføresegner

§ 6.Om reinhald

Hundehaldar har plikt til straks å fjerne ekskrement som hunden etterlet seg på veg, fortau, park, bru, brygge, kai, strand, turveg, annan manns hage, anlegg eller annan offentleg stad som vert nytta av ålmenta.

§ 7.Virkning

I dei tilfelle som det ikkje finnes dekning for i forskrifta, gjelder hundelova.

§ 8.Straff

Ved overtreding av forskrifta gjelder § 28 i hundelova.

§ 9.Ikraftsetjing

Denne forskrifta trer i kraft den same dato som den vert lyst i Norsk Lovtidend.