Forskrift om hundehald, Voss kommune, Hordaland.

DatoFOR-2007-06-21-714
PublisertII 2007 hefte 3
Ikrafttredelse01.07.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forVoss kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11, LOV-2003-07-04-74-§12
Kunngjort28.06.2007
KorttittelForskrift om hundehald, Voss

Fastsett av Voss kommunestyre 21. juni 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9, § 11 og § 12.

§ 1.Verkeområde og definisjon

Denne forskrifta omfattar hundehaldet i heile Voss kommune. Forskrifta utfyller føresegna om hundehald som er gjeve i lov 4. juli 2003 nr. 74. om hundehold (hundeloven).

Med utvida bandtvang er det i forskrifta meint at hundehaldar skal halda hunden i band, eller forsvarleg inngjerda eller innestengt, i tida utanom ordinær bandtvangstid som gjeld i perioden 1. april til og med 20. august, jf. § 6, 1. ledd i hundelova.

Med ekstraordinær bandtvang er det meint at det har oppstått ei akutt trong for verning av viltet.

Hundehaldar er den som eig eller har teke omsorg for/hand om ein hund for kortare eller lengre tid.

I denne forskrifta er offentleg område definert som barnehagar, skular, bustadfelt/-område, handleområde, anlegg for leik og idrett/sport, kyrkjegardar, Prestegardslandet/-moen, offentlege institusjonar, o.l.

§ 2.Utvida bandtvang
1.På offentleg område er det bandtvang heile året.
2.I Bømoen er det bandtvang heile året med følgjande avgrensing: Raundalselva, Tundal og langs dyrka mark til Flyplassvegen.
3.I den delen av kommunen som ikkje er nemnt i 1. og 2. er det utvida bandtvang frå 21. august til og med 30. september.

For den utvida bandtvangen gjeld unntaksreglane som kjem fram i § 9 i hundelova.

§ 3.Ekstraordinær bandtvang

Administrasjonen har delegert mynde til å fastsetja forskrift om ekstraordinær bandtvang, jf. § 6, 2. ledd, pkt. f) i hundelova.

§ 4.Unntak frå bandtvangsreglane

Administrasjonen har delegert mynde til å gje dispensasjon frå bandtvangsreglane i einskilde høve.

Utval for miljø og kultur (MKU) har delegert mynde til gjennom forskrift eller einskildvedtak å fastsetja unntak frå bandtvangsreglane, i samsvar med § 9, 1. ledd, pkt. e) i hundelova.

§ 5.Ro og orden

Hundehaldaren pliktar straks å fjerna avføring etter hund på offentlege område. Ved bruk av hundepose skal denne deponerast på eigna stad, og ikkje kastast i naturen.

Mellom kl. 23.00 og kl. 07.00 skal hunden passast slik at den ikkje vedvarande forstyrrar omgjevnadane med bjeffing.

For å ivareta folk og dyr sin tryggleik, ro og orden har utval for miljø og kultur (MKU) delegert mynde til å fastsetja forskrift for hundehald i bustadområde, jf. § 11 og § 12 i hundelova og § 7 og § 9 i nasjonal forskrift 25. april 2003 nr. 486 om miljøretta helsevern.

§ 6.Sanksjonar og straff

Brot på føresegnene i denne forskrifta er straffbart, jf. lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 28.

§ 7.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft 1. juli 2007.