Forskrift om bandtvang for hund, Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2007-06-21-715
PublisertII 2007 hefte 3
Ikrafttredelse21.06.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort28.06.2007
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Luster

Fastsett av Luster kommunestyre 21. juni 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 annet ledd bokstav e.

§ 1.Eigar eller innehavar av hund i Luster kommune skal halda hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 1. november i dei områda der husdyr har rett til å beita og faktisk beitar.
§ 2.Denne forskrifta gjeld ikkje for:
a)dresserte gjetarhundar i arbeid
b)tenestehund i arbeid, samt under lovleg trening eller prøving
c)hund nytta i ettersøk etter såra eller sjukt vilt
d)jakthundar som vert nytta under lovleg jakt, samt under lovleg trening eller prøving og som blir følgd på forsvarleg måte av eigar eller innehavar
e)hund nytta til lovleg uttak av rovvilt
f)organisert trening av brukshundar.
§ 3.Brot på denne forskrifta er straffbart, sjå lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 28.
§ 4.Denne forskrifta trer i kraft straks.