Forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav, Luster kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2007-06-21-766
PublisertII 2007 hefte 3
Ikrafttredelse21.06.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forLuster kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23, LOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, LOV-1981-03-13-6-§9, LOV-1982-11-19-66-§4a-1, LOV-2003-12-19-124-§33, LOV-2003-12-19-124-§36
Kunngjort03.07.2007
KorttittelForskrift om frist for gjødselspreiing, Luster

Fastsett av Luster kommunestyre 21. juni 2007 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 23.

§ 1.Føremål

Føremålet med denne forskrifta er å fastsetja ein eigen frist for spreiing av husdyrgjødsel tilpassa dei lokale tilhøva i kommunen innafor vilkåra i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. § 23.

§ 2.Virkeområde

Forskrifta gjeld heile kommunen.

§ 3.Spreietidspunkt

Spreiing utan nedmolding/nedfelling på eng og anna mark bør gjerast så tidleg i vekstsesongen at det gjev næring til gjenvekst som kan haustast, og seinast innan 20. september.

§ 4.Iverksetjing

Denne forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.