Forskrift om hundehald, Høyanger kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2007-06-21-767
PublisertII 2007 hefte 3
Ikrafttredelse21.06.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forHøyanger kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11, LOV-2003-07-04-74-§12
Kunngjort03.07.2007
KorttittelForskrift om hundehald, Høyanger

Fastsett av Høyanger kommunestyre 21. juni 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9, § 11 og § 12.

§ 1.Føremål

Føremålet med forskrifta er å bidra til å fremje eit ansvarleg hundehald som ivaretek omsynet til tryggleik, alminneleg ro og orden. Forskrifta skal vidare bidra til å førebyggje konfliktar mellom hundeeigarar og ålmenta, hindre skremmande åtferd frå hund og hindre at hund jagar bufe på beite.

I tillegg skal forskrifta gje kommunen betre rettsgrunnlag for å motverke problematisk hundehald.

§ 2.Verkeområde

Forskrifta gjeld for heile Høyanger kommune, for alle som bur eller oppheld seg i kommunen. Forskrifta kjem i tillegg til lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven), og må sjåast i samanheng med denne.

§ 3.Sikring av hund ved bandtvang

Bandtvang definerast som hundehaldar si plikt til å halde hund i band, eller forsvarleg inngjerda eller innestengd.

Det er bandtvang

a)i og i tilknytning til bustadområde og handleområde.
b)i parkar, på kyrkjegardar, grav- og urnelundar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett, sport eller rekreasjon, som offentlege badeplassar og turvegar.
c)i alle merka skiløyper i kommunen i det tidsrom lysløypa brukast. Vert hund medteke, skal den ikkje vere til hinder for andre.
d)i heile kommunen er det i tillegg til den ordinære bandtvangstida (f.o.m. 1. april t.o.m. 20. august) utvida bandtvang når bufe normalt går ute, nærare bestemt f.o.m. 21. august t.o.m. 31. oktober.
§ 4.Områder der hund har begrensa adgang
a)offentlege bygg.
b)skuleplassar eller barnehagar i deira åpningstid utan etter avtale med den ansvarlege for eigedomen.
§ 5.Unntak

Reglane i § 3 og § 4 i denne forskrift gjeld ikkje hund omfatta av hundelova § 9. Lova gjer unntak for hund i teneste og hund i samband med jakt i bestemt periode.

Med heimel i hundelova § 9 bokstav e) legg kommunen ut område som dressurområde for hund. Kravet i lova § 8 (1) om samtykke frå grunneigar er ivareteke for områda.

Dressurområde er pr. i dag: Kyrkjebø Hundeklubb sitt område på Kyrkjebø.

§ 6.Ro og orden mv.

Hundehaldar pliktar straks å fjerne ekskrement som hund let etter seg på offentleg stad. Ekskrement skal deponerast på dertil eigna stad.

Med offentleg stad forstår ein i denne forskrift gate, veg, herunder fortau, sti, park, torg, eller liknande stad, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller anna stad der det er allmenn ferdsel eller som er bestemt for allmenn ferdsel.

Hundehaldar må syte for at alminneleg ro og orden vert ivareteke, som at hund skal passast slik at den ikkje uroar nokon med vedvarande gøying eller liknande.

§ 7.Tal hundar i ei hushaldning eller på ein eigedom

Dersom ein skal halde 3 eller fleire vaksne hundar på ein eigedom eller i ei hushaldning, må liggje- og lufteplassar vere tilpassa hunderase og tal hundar. Liggje- og lufteplassar skal vere utforma og plassert slik at hundane ikkje vert til unødig sjenanse for naboar eller bruk av tilgrensa område.

§ 8.Dispensasjon

Kommunen kan dispensere frå føresegner i denne forskrift og føresegner i hundelova § 4, § 6 og § 7.

§ 9.Sanksjonar og straff

Brot på føresegner i denne forskrift er på visse vilkår straffbart med bøter eller fengsel inntil seks månader, jf. hundelova § 28.

§ 10.Ikraftsetjing

Forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.