Forskrift om utvida bandtvang for hund, Førde kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2007-06-21-860
PublisertII 2007 hefte 3
Ikrafttredelse11.07.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forFørde kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort11.07.2007
KorttittelForskrift om utvida bandtvang, Førde

Fastsett av Førde bystyre 21. juni 2007 med heimel i i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 andre ledd bokstav e.

§ 1.I tida frå og med 1. april til og med 31. oktober pliktar eigar eller innehavar av hund i Førde kommune å halde hunden i band eller forsvarleg innegjerda eller innestengt.
§ 2.Unntak frå bandtvang går fram av § 9 i hundelova

Dette gjeld m.a.

-dressert hund brukt til gjeting
-hund i aktiv politi-, militær- og redningsteneste eller under trening eller prøving for slik teneste
-hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra vilt
-hund brukt til jakt, jakthundtrening og jaktprøving.
§ 3.Om ekstraordinær bandtvang

Myndigheit til å utforme hasteforskrift for innføring av ekstraordinær bandtvang er delegert til rådmannen. Under omstende der ekstraordinær bandtvang vert innført er det ikkje høve til unntak frå sikringsregelen, jakthundtrening og jaktprøver, jf. § 9 bokstav f i hundelova.

§ 4.Brot på denne forskrifta er straffbart, jf. § 28 i hundelova.
§ 5.Forskrifta trer i kraft frå kunngjeringsdato i Norsk Lovtidend.