Forskrift om frist for spreiing av husdyrgjødsel i Hornindal kommune, Sogn og Fjordane.

DatoFOR-2007-06-21-862
PublisertII 2007 hefte 3
Ikrafttredelse21.06.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forHornindal kommune, Sogn og Fjordane.
HjemmelFOR-2003-07-04-951-§23 LOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, LOV-1981-03-13-6-§9, LOV-1982-11-19-66-§4a-1, LOV-2003-12-19-124-§33, LOV-2003-12-19-124-§36
Kunngjort11.07.2007
KorttittelForskrift om gjødselspreiing, Hornindal

Fastsett av Hornindal kommunestyre 21. juni 2007 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer m.v. av organisk opphav § 23 fjerde ledd.

§ 1.Forskrifta gjeld siste frist for spreiing av husdyrgjødsel på grasmark utan nedmolding om hausten, og gjeld heile Hornindal kommune.
§ 2.I medhald av forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer av organisk opphav m.v. § 23, vert siste dato for spreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding i Hornindal kommune sett til 15. september.
§ 3.Forskrifta trer i kraft frå vedtaksdato.