Forskrift om hundehald, Øystre Slidre kommune, Oppland.

DatoFOR-2007-06-21-920
PublisertII 2007 hefte 3
Ikrafttredelse02.08.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forØystre Slidre kommune, Oppland.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11, LOV-2003-07-04-74-§12
Kunngjort02.08.2007
KorttittelForskrift om hundehald, Øystre Slidre

Kapitteloversikt:

Fastsett av Øystre Slidre kommunestyre 21. juni 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9, § 11 og § 12.

Innleiande reglar

§ 1.Formål

Øystre Slidre kommune vil med denne forskrifta:

-Legge til rette for eit hundehald som legg vekt på tryggleik og alminneleg ro og orden.
-Redusere konfliktnivået mellom hundeeigarar og allmenta.
-Medverke til at spesielt barn ikkje blir skremde eller skadde av hundar.
-Medverke til at hundar ikkje jagar eller skader bufe.
§ 2.Verkeområde

Forskrifta omfattar regler for hundehaldet i Øystre Slidre kommune.

Om utvida sikring av hundar

§ 3.Om bandtvang

Hundar skal haldast i band eller innestengt eller inngjerda:

a)På kyrkjegardar, i bustadfelt og på handleområde heile året
b)I område der bufe har rett til å beite og faktisk beitar frå og med 21. august til og med 30. september.
c)I merka og preparerte skiløyper avgrensa til:

Alle lysløyper.

Worldcupløypene på Beitostølen.

Grøn 1 og 2 på Beitostølen.

Blå 1 og 3 på Beitostølen.

Raud 1 på Beitostølen i vinterferie og påskeferie.

Danebuløypa.

Beitostølen Helsesportsenter sine løyper.

§ 4.Område der hundar ikkje skal ha tilgang:
a)Barnehagar
b)Skulegardar.

Unnateke frå denne paragrafen er førarhundar/servicehundar for blinde/svaksynte og andre funksjonshemma samt politihundar i aktiv bruk. Andre hundar har berre tilgang i undervisningssamanheng og etter avtale med ansvarleg for skule eller barnehage.

Andre reglar

§ 5.Om ro, orden og forbygging av forsøpling

Det er ikkje tillate å ha hund med vedvarande, støyande åtferd ute i tettbygd strøk.

Hundehaldar har plikt til straks å fjerne ekskrement som hunden etterlèt seg på veg, fortau, gangveg, skiløype, park, bru, brygge, strand, annen manns hage, eller offentleg stad som blir brukt av allmenta.

§ 6.Tida reglane gjeld frå

Denne forskrifta gjeld frå same dato som ho blir kunngjort i Norsk Lovtidend.