Forskrift om hundehald, Ål kommune, Buskerud

DatoFOR-2007-08-22-1038
PublisertII 2007 hefte 4
Ikrafttredelse11.09.2007
Sist endretFOR-2015-05-28-636
Endrer
Gjelder forÅl kommune, Buskerud
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11
Kunngjort13.09.2007   kl. 14.50
KorttittelForskrift om hundehald, Ål

Fatsett av Ål kommunestyre 22. august 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6, § 9 og § 11. Endra med forskrift 28 mai 2015 nr. 636.

§ 1.Verkeområde og definisjon

Denne forskrifta omfattar hundehald i Ål kommune. Forskrifta supplerer vedtekter gjevne i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehald, og må sjåast i samanheng med denne.

Med bandtvang meiner ein i denne forskrifta at hundehaldar skal halde hunden i fysisk band eller forsvarleg inngjerda eller avstengt.

§ 2.Utvida bandtvang av omsyn til husdyr på beite

I Ål kommune er det, i tillegg til ordinær bandtvang f.o.m. 1. april t.o.m. 20. august, utvida bandtvang av omsyn til beitande husdyr i tida f.o.m. 21. august t.o.m. 31. oktober (unntak for bandtvang, sjå hundelova § 9).

§ 3.Bandtvang i område av omsyn til menneske

Det er bandtvang i maskinpreparerte løyper heile skisesongen. Det er bandtvang i fylkesanlegget for skiskyting på Liatoppen. Dersom nokon har med seg hund i maskinpreparerte skiløyper, skal denne ikkje vera til hinder for andre brukarar.

Det er bandtvang heile året i tettstader, bustadområde, område regulert til offentlege føremål, og tilrettelagte friluftsområde.

0Endra med forskrift 28 mai 2015 nr. 636.
§ 4.Vedtekter om ro og hygiene

Det er forbode å ha hund med vedvarande støyande åtferd ute i tettbygde strøk. Hundehaldar plikter å fjerne avføring som hunden legger att etter seg i tettbygd strøk, langs offentleg veg, idrettsanlegg, skiløype og tilrettelagt friluftsområde, eller i andre område som er tilgjengeleg for ålmenta i tettbygd strøk.

§ 5.Område der hundar har ingen eller avgrensa tilgang

Hundar har ikkje tilgang til barnehagar og skuleområde utan avtale mellom hundeførar og den ansvarlege for skule eller barnehage. Dette gjeld ikkje førarhund/hjelpehund.

§ 6.Dispensasjon

Kommunen kan, etter søknad, dispensere frå vedtektene om bandtvang gjevne i hundelova eller i denne forskrifta.

§ 7.Ål kommune kan innføre ekstraordinær bandtvang når tilhøva gjer det naudsynt.
0Tilføyd med forskrift 28 mai 2015 nr. 636.
§ 8.Straff

Brot på vedtektene i denne forskrifta er straffbart og kan straffast etter § 28 i hundelova.

0Endra med forskrift 28 mai 2015 nr. 636 (endra frå § 7 til § 8).
§ 9.Iverksetjing

Denne forskrifta blir sett i verk frå 11. september 2007.

0Endra med forskrift 28 mai 2015 nr. 636 (endra frå § 8 til § 9).