Forskrift om sikring av hund ved bandtvang, Gaular kommune, Sogn og Fjordane

DatoFOR-2007-08-31-1117
PublisertII 2007 hefte 4
Ikrafttredelse31.08.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forGaular kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort11.10.2007   kl. 14.40
KorttittelForskrift om bandtvang, Gaular

Fastsett av Gaular kommunestyre 31. august 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 bokstav e.

§ 1.Eigar eller innehavar av hund i Gaular kommune skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda i den tida bufe beiter, frå 1. april til 25. oktober.
§ 2.Brot på denne forskrifta er straffbart.
§ 3.Forskrifta tek til å gjelde straks.