Forskrift om bandtvang for hund, Ørskog kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-2007-10-17-1188
PublisertII 2007 hefte 4
Ikrafttredelse01.11.2007
Sist endret
Endrer
Gjelder forØrskog kommune, Møre og Romsdal.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6
Kunngjort01.11.2007   kl. 13.55
KorttittelForskrift om bandtvang for hund, Ørskog

Fastsett av Ørskog formannskap 17. oktober 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6.

§ 1.Eigar eller innehavar av hund i Ørskog kommune pliktar å halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda frå og med 1. april til og med 1. november.
§ 2.Bandtvangen under § 1 gjelder ikkje for:
a)Hund til bruk under lovleg jakt, jakthundtrening og jaktprøver.
b)Dresserte gjetarhundar når de vert nytta til å drive eller vakte over husdyr.
c)Hund i aktiv politi-, toll-, militær- og redningsteneste eller under trening eller prøving for slik teneste.
d)Hund i aktiv bruk som ettersøkshund etter såra eller sjukt vilt.
§ 3.Hundar har ikkje adgang til kommunen sine kyrkjegardar. Dette gjelder likevel ikkje førarhundar.
§ 4.Hundehaldar som forsettleg eller uaktsomt overtreder bandtvangen, vert å straffe med bøter og/eller fengsel iht. hundelova § 28.
§ 5.Denne forskrifta vert gjort gjeldande frå kunngjeringsdato.