Forskrift for bruk av piggtråd i gjerde, Samnanger kommune, Hordaland

DatoFOR-2007-10-30-1713
PublisertII 2007 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2008
Sist endretFOR-2013-02-12-159
Endrer
Gjelder forSamnanger kommune, Hordaland.
HjemmelLOV-1961-05-05-§18
Kunngjort10.01.2008   kl. 14.30
KorttittelForskrift om piggtråd i gjerde, Samnanger

Heimel: Fastsett av Samnanger kommunestyre 21. juni 1999 med heimel i lov 5. mai 1961 om grannegjerde § 18 bokstav a. Endret ved forskrift 12 feb 2013 nr. 159 (hjemmel).

§ 1.I Samnanger kommune er det total forbod mot bruk av piggtråd i gjerde.
§ 2.Forbodet gjeld for all bruk av piggtråd i gjerde, det vil seia både på innmark og utmark.
§ 3.Der er ikkje høve til å søkje om dispensasjon for bruk av piggtråd i gjerde.
§ 4.Grunneigar må sjølv fjerna ulovleg oppsett piggtråd. Ulovleg bruk av piggtråd som ikkje vert fjerna i samsvar til forskrift kan fjernast av kommunen for grunneigar sin rekning.
§ 5.Eksisterande piggtråd i gjerde skal vera fjerna innan 1. mai 2008.

Forskriften trer i kraft 1. januar 2008.