Forskrift om spreiing av husdyrgjødsel mv., Kvinnherad kommune, Hordaland

DatoFOR-2007-11-15-1829
PublisertII 2008 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forKvinnherad kommune, Hordaland
HjemmelFOR-2003-07-04-951, LOV-1995-05-12-23-§3, LOV-1995-05-12-23-§11, LOV-1967-02-10
Kunngjort14.01.2009   kl. 15.20
KorttittelForskrift om spreiing av husdyrgjødsel mv.

Heimel: Fastsett av Kvinnherad kommunestyre 15. november 2007 med heimel i forskrift 4. juli 2003 nr. 951 om gjødselvarer mv. av organisk opphav, jf. lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova) § 3 og § 11 første ledd og lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker kapittel VII.

§ 1.Formålet med kommunal gjødselforskrift er å tilpasse lokal praksis og vilkår for spreiing av husdyrgjødsel og silosaft mv. til skiftande ver- og veksttilhøve slik at intensjonane i nasjonal husdyrgjødselforskrift og vern mot avrenning og forureining av vatn og grunn vert oppnådd, - og utan at det oppstår unødige ulemper og sjenanse for nærmiljø og andre brukarinteresser som følgje av gjødseltransporten og spreiinga.
§ 2.Gardsbruk med eigna og tilstrekkeleg spreieareal kan spreie husdyrgjødsel og silosaft fram t.o.m. 1. oktober.

Ved lagring, uttransport og spreiing skal det utvisast aktsemd overfor vertilhøve, avrenningsrisiko og andre brukarinteresser i nærmiljøet, herunder respekt for helgedagsfreden.

§ 3.I tida 1. oktober til 1. november kan spreiing berre skje unntaksvis under spesielle omstende og vertilhøve, og ved innvilga løyve etter søknad der det som hovedregel vil bli stilt krav om nedmolding.

Kommunen kan på eige initiativ forby all spreiing i sårbare område, eller under spesielt vanskelege ver- og driftstilhøve for heile eller deler av perioden 1. september-1.november utan krav om anna grunngjeving enn det omsynet til forureiningsfare, mark- og miljøskade og nærmiljøulemper tilseier.

Ved melding eller klage på utilbørleg spreiing, t.d. nær hus, hytter, frilufts- og opphalds- område mv., eller ved spesielle tilstelningar der gjødselspreiing sjenerer sterkt eller kan medføre skade på grunn og vassforekomst, mistrivsel eller helseskade, kan kommunen påby stans i spreiinga med straksverknad eller innan nærare fastsett frist.

§ 4.Denne forskrifta trer i kraft frå 1. januar 2008.