Forskrift om utvida bandtvang for hund, Time kommune, Rogaland

DatoFOR-2007-12-11-1506
PublisertII 2007 hefte 5
Ikrafttredelse01.01.2008
Sist endret
Endrer
Gjelder forTime kommune, Rogaland.
HjemmelLOV-2003-07-04-74-§6, LOV-2003-07-04-74-§9, LOV-2003-07-04-74-§11
Kunngjort20.12.2007   kl. 16.00
KorttittelForskrift om utvida bandtvang, Time

Heimel: Fastsett av Time kommunestyre 11. desember 2007 med heimel i lov 4. juli 2003 nr. 74 om hundehold (hundeloven) § 6 andre ledd bokstav a, b, c og e, § 9 og § 11.

§ 1.Verkeområde, definisjon

Denne forskrift omfattar hundehaldet i heile Time kommune. Forskrifta supplerar bestemmelsar om hundehald gitt i hundelova 4. juli 2003 nr. 74.

Med bandtvang meinast i forskrifta at hundehaldar skal halda hunden i band, eller forsvarleg inngjerda eller innestengt.

§ 2.Allmenn bandtvang

I tida mellom 1. april t.o.m. 20. august er det ifølge hundelova § 6 første ledd bandtvang i heile Time kommune.

§ 3.Bandtvang i område med mange menneske og av omsyn til friluftsliv

Hundar skal haldast i band heile året i følgjande område:

1.I etablerte bustadområde slik dei er vist i kommuneplanen og i handleområde.
2.I parkar, på kyrkjegardar, grav- og urnelundar, på og ved skular, barnehagar og anlegg for leik, idrett, sport eller rekreasjon.
3.I turområda Sandtangen, Njåskogen, Stemmen på Frøylandland, Melsvatnet, Eivindholstjødn på Bryne og området rundt Tjoatjødnet på Lyefjell.
§ 4.Husdyr

Av omsyn til husdyr som beiter, er det bandtvang i heile kommunen i tida 1. april til 31. oktober.

I områder der husdyr beiter heile året, er det bandtvang heile året i desse områda.

§ 5.Unntak frå bandtvang

Det er unntak frå bandtvang heile året for hund som er godkjent som førarhund for synshemma.

Rådmannen har delegert mynde til å gi unntak frå bandtvangforskrifta i særlege tilfelle.

§ 6.Forsøpling

Personar med ansvar for hund skal straks fjerne ekskrementer frå sin hund på fortau, gater, vegar, plassar, leikeplassar, parkar, rabattar, friområde og andre offentlege område. Avfallet skal deponerast på dertil eigna stad. Hundeposar må ikkje kastast i naturen.

§ 7.Iverksetjing

Denne føresegna tek til å gjelde frå 1. januar 2008.